h1

Undervisningsopplegg i wiki – litt om bruk av Participatory Media

mai 11, 2007

Komplekst, imponerande. Det er desse to inntrykka eg har etter å sett på wiki-en til Howard Rheingold m. fl., og studentane hans. Det ser ut til at kreativitet ikkje har vore mangelvare i arbeidet. Det studentane skriv (eg har ikkje hatt høve til å lese alt!) tyder på at wiki-en har gitt dei høve til både å legge fram kjent lærestoff, sitere kjelder, og komme med eigne refleksjonar. Slik får dei både arbeide med eit meir eller mindre fastlagt pensum, og utvikle nytt stoff i lag med andre. Wiki er social software som opnar for dette – eller parcipatory media, som er ein av fleire andre termer brukt her.

Kanskje eg skal prøve meg på norske ord for desse fenomena: “programvare for samhandling”, eller “samhandlingsverktøy”, kanskje?

Gir meg lyst til å arbeide på liknande vis!

Når det gjeld oppbygginga av kurset på nett, ser vi at wiki-en kan ta i vare mest alle aspekt av undervisning, eller alt det studentar og lærarar har i lag. Instruktørane/lærarane skildrar kva temaet skal vere, gir pensumet til studentane via hyperlenker, studentane har kvar sine studentsider og prosjektsider. Ingenting av dette tek bort den menneskelege kontakten som studentar og lærarar har “on campus”, går eg ut frå – sjølv om arbeidsmåten opnar for at dei involverte menneska kan sitta på kvar si side av kloten. (Det er jo slik vi arbeider i kurset vårt, også!)

Eit hovudpoeng i wiki-funksjonen er at også eg som kikkar inn i wiki-en her heime frå Bømlo kan vere med og bidra i den; men:

“Please note that all contributions to ParticipatoryMedia may be edited, altered, or removed by other contributors. If you don’t want your writing to be edited mercilessly, then don’t submit it here. You are also promising us that you wrote this yourself, or copied it from a public domain or similar free resource (see Project:Copyrights for details). DO NOT SUBMIT COPYRIGHTED WORK WITHOUT PERMISSION!”

Dette er wiki og “programvare for samhandling” i eit nøtteskal (eller nutshell, om du vil).

Eg har prøvd, ved to høve, å organisere undervisning gjennom wiki. Det tiltalar meg. Eg lagar wiki-en, og inviterer medlemmer. Den første gongen gjorde eg eigentleg ikkje noko anna enn å be studentane om å prøve å skrive litt i ein wiki, berre for å sjå korleis det såg ut. Og nokre skreiv litt, men studentane miste veldig fort gløden, og synte seg å vere nokså uinteresserte i dette rommet på nettet. Det var ikkje deira. Det kom berre nokre få “he he” o.l. inn i wiki-en.

Ambisjonane mine var heller ikkje høgare enn å lage ein wiki og sjå at det verka, ikkje å få til eit flott undervisningsopplegg. Men poenget i artikkelen til McAfee vart stadfest (som referert til i ein tidlegare post), “Information anarchy is just that. [...] You have to give people a starting point that they can react to and modify …” 

No i veke 19 tok eg forsøket litt vidare, og ba fem av fagskulestudentane mine om å jobbe i gruppe på ei oppgåve som går over litt lenger tid.  Denne gongen samarbeidde eg med studentane og laga wiki-rommet i lag med dei. Hadde wikispaces oppe på prosjektor og sende invitasjonar til dei fem som skulle vere med. Dei svara i “sanntid”. Eg er spent på korleis det går vidare med denne wiki-en. Det studentane skal arbeide med, er to-delt. Dei skal sjå på likskapar og ulikskapar mellom film og (i hovudsak) romanar, og dei skal analysere ein film som dei sjølve har valt ut. Resultatet skal presenterast for resten av klassen, og dei er vane med å bruke PowerPoint til slikt arbeid. Filmen som har fått æra av å verte behandla, er den britiske komedie-thrillaren “Lock, Stock and Two Smoking Barrels” frå 1998.

Kva er så utfordringane i dette? Dette lærestoffet er for så vidt heilt tradisjonelt i norskfaget, og ber kanskje preg av at det snart er sommarferie (faktisk eit generelt problem i arbeidet vårt med Skoleutvikling i det digitale nettsamfunnet - der er nesten ikkje elevar og studentar att i skulen dette skuleåret!).

h1

Social software – framtida i e-læring?

mai 4, 2007

Christian Dalsgaard ved Universitetet i Århus er oppteken av “social software” – i dag vil dette i m.a. seie bloggar og wikiar, men også RSS og “sosiale bokmerke”. Han har ein sosial-konstruktivistisk innfallsvinkel til pedagogikk. I artikkelen E-learning Beyond Learning Management Systems hevdar han at blogging og wiki-skriving kan vere overlegent læringsarbeid gjennom LMS-ar (som ItsLearning). Det er eit mål at studenten kan nytte Internett og ressursane der til sine “selvstyrede, problembaserede og kollaborative aktiviteter.”

Eg får assosiasjonar. På lærarrommet i dag, ein vanleg torsdag – kollegaer snakkar seg i mellom om informasjonsflyten på arbeidsplassen vår. Tema: “Vi veit ikkje nok om det som skjer på skulen. Vi vert ikkje informert. ItsLearning: Er blitt for svært, og uoversiktleg. For mange fag og mapper. Er det eg treng på “Personalrommet” under “Skjema”, eller under faget “Kvalitetssystem”"?

Vi er straks inne på ein “klassikar” i skulen, etter mi erfaring: For lite (eller for mykje!) informasjon er eit stort problem! Eg kan hugse frå tidlegare tider at klager på informasjonsflyten gjekk i bølgjer: Når leiinga hadde teke seg kraftig saman, og verkeleg fekk ut skriftleg info om det leiinga meinte var aktuelt, så kom det etter ei stund – sterk – kritikk av denne typen: “Her er altfor masse papir på denne skulen! Er det ikkje muleg å snakke saman lenger no?”

Etter ein slik kalddusj er det naturleg at leiinga dempar frekvensen til kopimaskina litt. Det går fint ei stund, men så kjem det uunngåelege: “Det er jo aldri nokon som informerer om nokon ting på denne skulen! Det må vel gå an å få ut litt info om det som skal skje???”

Og no altså ItsLearning. “Det er for mykje skriv og tunge ting å lese inni der!”.

Tilbake til Dalsgaard. Har anekdoten frå lærarrommet noko å gjere med Dalsgaard sitt poeng om at LMS-ar i verste fall hindrar sosialkonstruktivistisk kollaborasjon mellom elevar/studentar? Ja, i høgste grad! Vi tenke litt meir over kva som kanskje kan vere årsak til frustrasjonen den vanlege torsdagen på lærarrommet: Kjensle av manglande autonomi hos dei aktuelle lærarane – kjensle av å ikkje ha kontroll over eigen arbeidssituasjon. Kjensle av å vere utilstrekkeleg, kanskje. Inne i “den svære haugen” av dokumentasjon ligg også arbeidsgivar sine kommandoar til den einskilde læraren om korleis arbeidet skal utførast, og rapporteringsplikter (“Kjem nokon nokongong til å lese dette? Og kva så?”).

Det er lett å argumentere for at gode prosessar mellom elevar er nært i slekt med gode prosessar i eit lærarkollegium. Vi hugsar ein annan pensumartikkel (kommentert i forrige post), der McAfee gjorde eit poeng av at kollegaer i investeringsbanken DrKW “blomstra” når dei fekk fridom til å utvikle samarbeid gjennom wiki-skriving – altså gjennom bruk av social software.

Litt om sosialkonstruktivismen: I følgje Wikipedia fokuserer denne retninga innanfor pedagogikken på det sosiale samspelet mellom ulike, sjølvstendige subjekt, og at læring skjer gjennom interaksjon mellom desse subjekta. Utnytting av språkevner er sentral i teorien. “Social software” kan seiast å vere dataalderen sine reiskapar for å drive sosial konstruktivisme! Ikkje verst. Som formulert av Anderson, 2005, og sitert i Dalsgaard sin artikkel: [...] networked tools that support and encourage individuals to learn together while retaining individual control over their time, space, presence, activity, identity and relationships.”.

Dalsgaard hevdar vidare at å bruke LMS-ar til undervisning i mange tilfelle kan hindre effektiv læring – men: Det kjem an på kva pedagogikk som vert anvend. Ein liten digresjon frå eigen praksis her: Dei 18 studentane i teknisk fagskule som eg underviser i norsk, uttrykkjer samtlege at dei set stor pris på ItsLearning. Dei likar å ha tilgjengeleg mykje informasjon gjennom plattforma, og dei likar å få oppgåver presentert og vurdert der. Dei etterlyser at fleire lærarar skal bruke denne LMS-en meir. Det kan med dette synast som om konstruktivismen ikkje står så sterkt i fagskulen hos oss, og (som Dalsgaard altså peikar på): Kor godt eit LMS vil fungere i ein gitt skule, kjem an på pedagogikken!

Ein freistnad på ei oppsummering: Vi pedagogar må ha pedagogikken i fokus for det vi gjer. Kunnskapsløftet, som gir premissa for det gjeldande “regimet” i norsk skule, fokuserer på eleven som individ – men også på eleven si evne til å samarbeide og å ta til seg “livslang læring”. Det verkar som om bruk av “social software”, med eit konstruktivistisk syn på læringsarbeid som underlag, kan vere ein del av svaret på utfordringane i Kunnskapsløftet.

h1

Korleis komme i gong med bruk av digitale verktøy på ein effektiv måte?

april 27, 2007

Her kjem ein kommentar til artikkelen “Enterprise 2.0: The Dawn of Emergent Collaboration” av Andrew P. McAfee (MITSloan Management Review, spring 2006, vol 47 No 3). Forutan å samanlikne nokre aspekt ved skular og banken som vert skildra i artikkelen, vil eg sjå på fire moment i avsnittet The Role Managers Will Play (s. 26 f.), og prøve å formidle nokre tankar om dette. I samband med kurset IKT for leiarar har vi fått demonstrert nokre av problemstillingane på dette feltet.

I stolpen til høgre vil lesaren finne litt meir om synet mitt på innhaldet i artikkelen til McAfee.

Investeringsbanken og skulen
Truleg kan arbeidssituasjonen til medarbeidarane i investeringsbanken DrKW samanliknast med slik lærarar og skuleleiarar har det. Å utvikle gode investeringsprosjekt i lag med krevjande kundar kan kanskje likne mykje på å arbeide i lag med elevar for å ”skapa kunnskap”.

Dersom vi ser på elevane som ”krevjande kundar” i denne samanhengen, vil arbeidet i organisasjonen vår naturleg innehalde to hovudområde:

1. Personalet sitt samarbeid, førebuing og etterarbeid for å legge til rette arbeidet som skal skje i lag med elevane, herunder ”IKT-arbeid”, og
2. Arbeidet som lærarane gjer i lag med elevane – også arbeid der IKT-verktøy vert brukt.

Fokuset mitt her ligg mest i område 2. For å komme nokon veg her, må vi nok ta til med skulering av lærarpersonalet – og leiargruppa!. McAfee peikar på at leiinga si rolle i dette er avgjerande – sjølv om utnytting av 2.0-vertøy kan sjåast på som ein måte å gjere organisasjonen flatare på.

McAfee skriv at DrKW frå før har ein kultur i organisasjonen som er mottakeleg (receptive) for å innføre nye arbeidsmåtar. Dei tilsette har høge tankar om arbeidsplassen sin, og McAfee peikar på at dette m.a. kjem av at leiinga konsekvent ønskjer å vise dei tilsette tillit. Ser vi på erfaringar frå skulane i Hordaland, er nok desse momenta avgjerande for om vår eigen organisasjon skal lykkast med liknande satsing.

Samfunnet rundt oss ønskjer at skulen skal løyse oppdraget sitt slik at elevane vert ”gagns menneske” i det samfunnet dei skal leve i. Skuleeigaren vår ønskjer også dette, og det same gjer lærarane. Kvifor er det då så vanskeleg å endre litt på det skulen driv med?

Vår eigen skule og vår eigen fylkeskommune har arbeidd med prosjekt tidlegare der målet har vore å endra arbeidsmåtane til lærarane. Det kan nemnast fleire døme på at arbeidet ikkje har ført til særlege resultat – undervisningsmåtar og måten lærarane samarbeider på, har ikkje endra seg mykje på mange av skulane – men det har vore arrangert mange kurs, ikkje minst for leiarane.

Vil ”ny teknologi” krasje p.g.a. ”gamle problemstillingar”?
Eg trur at bruk av IKT kan gi betre kanalar til meir meiningsfullt samarbeid mellom kollegaer. Men korleis ta til? Vi kjem ikkje utanom leiinga si rolle. Både leiinga i fylkeskommunen, og den lokale leiinga på skulane.

Når vi ser på det aktuelle prosjektet ”IKT-strategi” har organisasjonen vår både styrke og veikskapar. Held vi oss til DrKW, og ser på erfaringane derifrå, nemner McAfee fire suksessfaktorar. Eg vil stutt gå gjennom desse, og kommentere litt på kvar i lys av situasjonen ”i eige hus”. Eg ser her mest bort frå økonomi og kjøp av maskin- og programvare (sjølv om dette også er avgjerande i vår (og fylket sin) samanheng):

1. Ein mottakeleg kultur må til!
I DrKW ønskte personalet å samarbeide. For vår skule sin del, er biletet meir samansett m.o.t. dette. ”Ingen” er motstanderar av å samarbeide, men det syner seg at mange lærarar er vanskelege ”å få tak i”. Leiinga må arbeide for å skape best mogeleg lagånd. Organisering i team/arbeidslag har synt seg å vere tenleg i ungdomsskuletrinna – noko for oss?

2. Felles Plattform!
Leiinga i DrKW ønskte ikkje at medarbeiderar som hadde tett samarbeid skulle utvikle eksklusive kommunikasjonskanalar – digitale, eller ikkje. Dei ville at ”alle” skulle dele ”all” informasjon, og etablerte altså ein felles wiki, ikkje mange små. Krafta i den store wiki-en kjem av SLATES-komponentane det er mogeleg å nytte seg av (sjå sidestolpen, eller les meir her). Ein wiki er i utgongspunktet svært ulik ei læringsplattform (LMS), som t.d. vårt ItsLearning. LMS-ar er meir laga for å administrere faste strukturar, medan ein wiki opnar for meir ”fridom”. Her ligg det val som ventar på å verte tekne! Korleis skal skulane organisera seg med omsyn til 2.0-verktøy? ItsLearning er i sterk utvikling, og vil truleg også kunne tilby fleire 2.0.verktøy etterkvart.

3. DrKW valde ikkje
-å gå ut i organisasjonen og seie at ”no innfører vi wiki som obligatorisk verktøy i arbeidet i banken vår”. Dei satsa på ”surdeig-prinsippet” med nokre pilot-medarbeidarar, og på tillit – men særleg vart det satsa på dei tilsette sin autonomi. Likeverdige og sjølvstendige kollegaer tek i bruk verktøy som er nyttige for dei i arbeidet – gjerne ut frå eigeninteresse.

Det er freistande å tenke seg at skulane har kollegium som har høg grad av autonomi i arbeidet, og der eigeninteresse fører til at nye metodar for samarbeid vert ønskte velkommen, men det er ikkje alltid slik. Surdeig- og pilotprinsippa er velkjende i skulen, men eigeninteressa vår fører slett ikkje alltid til ”utviklande samarbeid”.

Eit viktig poeng er at ein fri kommunikasjonsplattform naudsynleg vil føre til at kritikk av kollegaer og leiing etterkvart vil få gode kår. Dette vil vere ei stor utfordring for ei kvar leiargruppe, sikkert også i mange skular.

4. Support og systemarbeid:
Systemansvarlege både på programvare- og maskinvaresida i norske skular veit litt om kva knappe ressursar kan gi av frustrasjon. I McAfee sin artikkel vert det ikkje fokusert på knappe ressursar (kanskje veit dei ikkje kva dette er i DrKW), men på kva leiinga gjorde for å få systemet i bruk.

Til slutt
Toppleiaren i DrKW, Darren Lennard, seier at han vart ”wiki-frelst” i samband med ein demonstrasjon av wiki. Han fekk 300 interne, elektroniske meldingar kvar dag, og mest ingen av dei var av interesse i hans arbeid, sjølv om han brukte timevis kvar dag på e-postlesing. Wiki-en hjelpte han å verte kvitt e-posthaugen. Ein engasjert toppleiar kan vere med og gi bra resultat. Å vise fram nyvinningar kan skape interesse!

Så til det som ikkje er så lurt, og dette har vi prøvd på vår skule i leiargruppa: Underteikna laga ein wiki med resten av leiargruppa som medlemmer. Tanken var å bruke den i ”IKT for leiarar”. Men – wikien var ikkje godt nok demonstrert, og innhaldet var i utgongspunktet anarkistisk (altså, wikien var tom). Som Darren Lennard seier i artikkelen: ”Information anarchy is just that. You have to give people a starting point that they can react to and modify; you can´t just give them a blank workspace and say, “Use this now.””

h1

Lekse til 2. samling

januar 24, 2007

Desse problemstillingane skal “adresserast”:
1. Skildra no-situasjonen – digital infrastruktur og kompetanse.
2. Korleis står det til om 5 år dersom ingenting vert gjort? (“Worst case”?)
3. “Draumescenario”. Korleis er draumeskulen vår? Døme på ulike medlemmer i skulesamfunnet sine “draumar”.
4. Kva må til for å oppnå draumane?
5. Dei viktigaste utfordringane?
6. Prioritert liste over tiltak i eigen organisasjon.
7. Skriv blogg!

I teksten om den første problemstillinga “Skildra no-situasjonen …” : Nokre av tankane i dette avsnittet framkom i 1. samling i gruppearbeid i lag med Knut Wegner Meling, Inger Lise Kippersund og Kjell Olav Skaret frå Bømlo vid. skule. Takk til dei!

1. Skildring av no-situasjonen på Rubbestadnes Yrkesskule:
Først skal vi opplysa litt om kva skule det er tale om hos oss: RYS er ein etter måten liten skule; ein rein verkstadskule med utdanning mot mekanikar- og elektrofaga.
I tillegg har skulen fagskule som gir maskinsjefutdanning. Dette er ei teoretisk linje utan praksistimar – men med noko laborering i simulatorar. Maritim fagskule er ei avansert utdanning, og med sluttkompetanse frå oss kan du løysa dei høgaste maskinist-sertifikata.

lars.jpg
Det er tilfredsstillande tekniske tilhøve på vår skule, med god trådlaus dekking i alle tre skulebygg. Alle lærarane har kvar sine “nye” berbare PCar. Dei stasjonære maskinane til elevbruk er organisert i to klasserom – dette er truleg ikkje tenleg i framtida, når elevane har kvar sine berbare PCar. Desse to romma kan med fordel renoverast til nye føremål – gjerne “mediatek”, eller andre organiseringsmåtar. Det kan godt henda at desse romma bør nyttast til føremål som elevane sjølve vil prioritera. Skulen vår har få arenaer der elevane kan “herska” sjølve. Eitt av dei tidlegare dataromma (eller båe?) kan med fordel fungera som elevane sin eigen arena for “allehånde” aktivitetar.
Dette tyder at skulen, teknisk sett, er klar til å ta i mot elevane som snart kjem med kvar sin berbare PC.

Personalet: Nokre brukar digitale verktøy lite, og ønskjer ikkje å involvera seg sterkt i “nytt IKT-strev” mot slutten av yrkeskarrieren sin. Men dette gjeld berre få av dei 26 pedagogane ved skulen – dei fleste vil ivrig oppdatera kompetansen sin, når dei får høve til det.

IKT-kompetansen varierer sterkt. Dei fleste tilsette er i stand til å finna informasjon på ItsLearning, og dei vil lett kunna læra seg meir, men vi ser òg at nokre aldri loggar på. Likevel har ItsLearning, på kort tid, etablert seg som dei tilsette sitt Intranett, og dei fleste brukar verktøyet til å skaffa seg informasjon frå leiargruppa m.m.

Når det gjeld lærarane sin bruk av ItsLearning i deira pedagogiske verksemd, er truleg stoda meir variabel. Anslagsvis 20-25% av lærarane nyttar verktøyet til å gi elevane / studentane oppgåver og presentera resultatet for dei v.hj.a. “karakterboka”, senda meldingar og legga ut oppslag. Andre digitale verktøy vert sjeldan nytta av lærarane.

Bruk av pedagogiske og/eller næringslivet sine nytteprogram:
Dataprogram vert etterkvart mykje nytta i Vg1 TIP hos oss, slik som teikneprogrammet Solid Egde. På Vg1 elektro vert AutoScetch nytta til å laga teikningar over koblingsskjema etc.

Fagskulestudentane øver på å bruka administrasjonsprogrammet ”TM-master” – og det same verktøyet vert nytta av reiarlag som skulen samarbeider med, ombord, og i land. I tillegg kan vi nemna bruk av Office-applikasjonar som PowerPoint i allmennfag i vk 1 og i fagskulesamanheng.

Det er oftast dei same lærarane som nyttar IKT-verktøy andsynes elevane, og elevane møter derfor ofte IKT-verktøy i nokre fag, og sjeldan i andre.

Ein kan nok seia at “digital kompetanse” i kollegiet, slik det vert definert i underlagslitteraturen i kurset “IKT for leiararar”, er mangelfull. Lærarkollegiet er totalt sett ikkje trygge på å bruka digitale verktøy – bortsett frå den vanlege Office-pakken, som dei fleste nok vil kunna finna fram i – og tildels ItsLearning.

Nokre kan mykje inna eit (kanskje) snevert felt, medan få er verkeleg “heime” i IKT-”jungelen”.

mar-og-anne-l.jpgElevane: Desse har sjølvsagt svært ulik digital kompetanse – eit overordna og overflatisk inntrykk er nok at bruk av MSN og andre “prateprogram” og alle slag spel er mest brukt av ungdommane våre (ofte kan ein observera at tilsynelatande enkle “stablespel” er veldig populære (i ein periode).

Felles for dei fleste elevane er, som det framgår ovanfor, at dei har knappe erfaringar med pedagogisk bruk av IKT – d.v.s. dei har sjeldan møtt digitale verktøy i bruk i opplæringa. Bruk av IKT er ein “fritidsting”, ikkje ein “skuleting”. Det er truleg eit stort potensiale i elevane m.o.t. “kva dei tåler” av IKT-basert opplæringsverksemd. Utan at det er “forska på” på vår skule, svarar dei fleste elevar som får spørsmålet, at dei likar å arbeida gjennom ItsLearning – d.v.s. at oppgåver vert lagt ut elektronisk, og at eleven / studenten får tilbakemelding / vurdering over plattforma.

Når det vert arbeidd gjennom ItsLearning er det truleg oftast “den tradisjonelle undervisninga” som får ei ny drakt – det er ikkje noko som tyder på at eit mangfald av digitale verktøy vert nytta. “Det digitale innhaldet” er kanskje førebels fråverande (jmf. Ola Erstad 2005)

2. Situasjonen om fem år dersom skulen dersom vi ikkje gjer nokon endringar frå slik det er i dag
Dette er truleg spørsmålet det er lettast å svara på i oppgåvesettet. Kort fortalt vert svaret at skulen ville framstå som ekstremt gammaldags. Dei fleste ungdommar ville truleg søka til andre skular, og verre, det næringslivet som tilset dei vi eksaminerer ut, ville missa heilt trua på oss. (Pr. i dag får vi rimeleg bra tilbakemeldingar på ungdommane vi sender frå oss.) “Det verste som kan skje”: Kanskje kjensla mellom oss tilsette av at vi misser kontrollen på det vi held på med; kjensle av nederlag og det å vera mislykka.

3. “Draumescenario”OBS: oppdatert!
Etter drøftingar 25.01 står det klarare for oss at vår “draumeskule” også treng ei nokså grunnleggande omstrukturering. Dette framgår ikkje i vår tidlegare tekst, som fokuserer meir på generelle tankar og “draumar”: Vi ønskjer å arbeida fram nye arbeidsmåtar i retning lag-organisering (team) av lærane. Dette har med spørsmålet om organisering av arbeidstida vår å gjera, og må såleis inn i den større samanhengen med laging av utviklingsplan. Vi trur at ei slik organisering vil kunna auka effektiviteten i samarbeidet mellom lærarane monaleg. Ei slik omorganisering av vår tradisjonelt drivne skule vil vera ei utfordring, men vi trur at vinsten vil vera verdt dette.

Slik spørsmålet er formulert, og slik vi ha uttrykt oss ovanfor, vil draumeskulen slik ut:
Rektor:
Har den gode kjensla av å leia ein moderne skule, som er i stand til å oppfylla måla som er sette for skuledrifta. Personalet “hennar” eller “hans” er kjende med det som rører seg i det næringslivet skulen driv utdanning for (vi talar om yrkesutdanning). Økonomien tillet at lærarane er ute i næringslivet og oppdaterer seg, gjerne i lag med elevar som er i praksis. Samstundes handlar det ikkje berre om teknologi, men i høgste grad å vera ein del av kulturen i samfunnet. Skulen har mål som ikkje har med teknologisk meistring å gjera (-men teknologien kan heile tida vera med og spissa innsatsen for å nå måla – “gagns menneskje” er alltid på moten!).
Læraren:
Har kjensle av å vera verdsett, både av skuleeigaren, næringslivet, men først og framst av elevane sine. Slik samfunnet er sett saman no, vil dette bety at IKT-kompetansen er god. Det handlar om å spegla samfunnet rundt skulen og kjenna det, og å gi impulsar til det same samfunnet i tråd med skulen sine mål, og personleg etikk og haldningar. (“Gjennomsnittslæraren” vil kanskje setja aller mest pris på kommunikasjonsmogleikane som ligg i IKT?)
drill.jpg
Eleven:
Det framgår i kurset vårt (1. samling) at det er stor skilnad på den røyndommen ein ungdom lever i, og den lærarane / “dei vaksne” lever i når det gjeld IKT, og mediebruk i det heile, for den del. Skulen og lærarane har sin agenda som dei ønskjer å gjennomføra andsynes elevane, samstundes som den unge har eit ønskje om å verta godteken og teken opp i dei vaksne sitt samfunn – det siste er (alltid?) kobla med ein bra porsjon opprør mot autoritetar. Det ligg m.a.o. an til eit skikkeleg “klasj mellom sivilisasjonar”.
Tida går frå oss her, men draumeskulen må for eleven vera at skulen kjenner til røyndommen eleven er i, også på området bruk av IKT, i tillegg til at skulen må tilføra eleven noko eleven har nytte av- også på IKT-området. Skulen treng truleg ikkje vera redd for å fronta sine verdiar i møtet med eleven – medieinnhaldet eleven er van å bruka, treng ikkje alltid vera noko skulen støttar opp om bruken av – det må skulen seia i frå om.
Det skilde foreldreparet med delt omsorg:
Her er det mogleiken til kommunikasjon med eleven, lærarane til eleven (og også med den dei er skild frå, kanskje) som er hovudsaka. Særleg kan båe foreldra oppnå sterkare grad av kontakt med ungdommen i den tida når han/ho er hos den andre. Bruk av lyd og video i kommunikasjonen kan oppfattast som positivt.

4. Kva må til for å nå “draume(skule)samfunnet?
Mykje kan nemnast her, og mykje har vi vore inne på over. Den digitale “frontlinja” endrar seg svært kjapt, og akkurat kva det vil vera mogeleg å få til om eit bel, er umogeleg å føreseia. Nett no (sic!) handlar det om tilgjenge gjennom trådlause nett, og kanskje ei slags samansmelting mellom mobiltelefonen og PC-en. Men det er heile tida spørsmål om det digitale innhaldet:Kva skal vi fylla den vakre teknologien med? Det ligg kan henda eit slags svar på spørsmålet i omgrepet interaktivitet. Dei digitale media får naturlegvis mykje større verdi når elevar og lærar sjølve kan nytta dei til læringsarbeid i vid forstand – å lasta ned andre sin musikk og videoar og spel tilfredsstiller ikkje lenge.

Som sagt ovanfor, på vår skule har vi det trådlause på plass. Kvar lærar har berbar PC, og ingen av desse er stort meir enn eit år gamle – no. Det trengst arbeid, arbeid, arbeid for å auka kompetansen til dei tilsette. Begistringa kjem når ein ser oppfylling av klare mål. Elevane sin kompetanse går (truleg) mest på å kjenna til ein del mogleikar med data, og det er ei stor utfordring å utnytta denne kompetansen i samspel mellom lærar og elev. Men vi lærer vel noko om dette no på kurset? For meir viser vi til neste punkt!

5. Dei viktigaste utfordringane
Her vel vi å skriva om utfordringane i eitt avsnitt, og ikkje dela inn i tidsbolkar slik oppgåva gjer framlegg om – m.a fordi vi trur at den tekniske biten (no, iallefall) er nokolunde på plass. Her er det på sin plass å kobla IKT-kurset vårt opp mot kursinga av leiargruppene på alle fylket sine skular. For utfordringane på vårt felt her, heng utan tvil saman med utfordringane med skulane sine utviklingsplanar som leiargruppene held på med (vonleg er ikkje dette tilfeldig!) (Ein tanke vidare her: Kvifor er ikkje “Skriving av IKT-strategi” heilt integrert i arbeidet som leiargruppene er pålagt å gjera med utviklingsplanane sine? Er ikkje dette same sak, eigentleg?)

Det er leiargruppene på skulane som er utfordra både på IKT-strategi og utviklingsplanar. Det handlar om leiing av verksemda i dei 46 skulane til skuleeigaren vår. Teksten her vert fort lang, men vi trur det handlar om å vera tydeleg, frå “toppen” til “botnen” av fylket sin organisasjon. Mandatet må vera klart, oppdraget må vera gitt. Det handlar ikkje minst om å få på bordet ein god arbeidstidavtale som partane ser seg tente med. Å driva utvikling som syner att i varig endring av organisasjonar, tek (arbeids-)tid. Det kostar. Sluttsats: Innføringa av ItsLearning har truleg synt at skulane må hiva seg ut på “djupt vatn” når ein skal innføra nye ting. Og det kostar pengar og bruk av tid. Heldigvis er det grunn til å tru at utbyttet av ny kunnskap er mykje større enn den innsatsen ein legg inn (trur vi!). For det “vitt litt på seg” av seg sjølv, dette med IKT: Kan du først det eine, så nyttar du den teknikken i det andre òg. Problema oppstår oftast ved “brot” – når teknologien tek retningar vi ikkje greidde å sjå føre oss.

6. Prioritert liste over tiltak
Vi vert trøytte av å blogga så mykje inn mot ein frist, men vi trur at ting vi lærer på leiarkursa parallelt med IKT-kurset, kan nyttast som tiltak på feltet IKT. LØFT-metodikk, café-møteteknikk o.s.b. Men det viktigaste er at leiinga er seriøst oppteken av feltet, og har eit klart mandat. Ein viktig del av mandatet vil alltid vera å auka kollegiet si forståing av nytteverdien av tiltaket, og leiargruppa må også ha klare føringar frå fylket m.o.t. kva som er dei overordna mål.

maskintelegr.jpgHelsing strategane på Rubbestadnes Yrkesskule, Rune Gåsland, Endre Tverborgvik, Jens Steinsbø og Rune Indrehus, ført i pennen av Rune I. i dette tilfellet.

h1

Ny leiargruppe på RUY

januar 18, 2007

Rune Gåsland er tilsett som ny rektor på vår skule, og leiargruppa er mellom alle dei andre gjeremål oppteken med å arbeida fram utviklingsplan i samband med leiarutviklingskurset. Også i IKT for leiarar er det utvikling. Vår nye rektor er no med i sistnemnde kurs for alvor, og ein til av avdelingsleiarane våre er med. Så no skal trykket auka! Vi freistar å få til å blogga saman for å laga til IKT-strategien …

h1

Leiargruppa diskuterer IKT for leiarar for første gong, “heime”

desember 20, 2006

Juleavslutting for elevar og tilsette står for døra, og det er travle tider generelt. Hektisk møte i leiargruppa i dag – ein masse datoar for mange ting som skal skje på nyåret (m.a. IKT for leiarar) vart gjennomgått. Eg synte “Kurs” på ItsLearning til dei i leiargruppa som ikkje hadde vore på kurssamling, og interessa var stor. Vi kikka litt på “leksa” til samling to.

Vi står også framføre rektorskifte, og veit ikkje p.t. kven som vert ny rektor. Kvoten vår på IKT-kurset er tre personar, og det skal verte kjekt å få den nye sjefen med seg neste gon!